Reguleringsbestemmelser

FØRESEGNER
TIL REGULERINGSPLAN FOR
BYGGEOMRÅDE PÅ GBNR. 3/3 og 3/4 PÅ FINNØY I SANDØY KOMMUNE

§ 1 Generelt
Området innafor reguleringsgrensa vert regulert til:
A. Byggeområde
¨ Fritidsbebyggelse, hytter
B. Offentlege trafikkområde
¨ Køyreveg
¨ Annan veggrunn (grøft, skjering, fylling)
C. Spesialområde
¨ Frisiktsone
¨ Friluftsområde (på land)
¨ Friluftsområde i sjø og vassdrag
D. Fellesområde
¨ Felles avkøyrsle/ tilkomst
¨ Felles sideareal veg
¨ Felles grøntareal
¨ Felles parkeringsplass
§ 2 Felles føresegner
A. Tillaten grad av utnytting vert oppgjeven som bebygd areal i prosent av
tomtearealet (%-BYA). Bebygd areal er definert i NS 3940.
B. Gesimshøgde og mønehøgde vert målt som høgde over planert terreng sitt
gjennomsnittsnivå. Jfr. Teknisk forskrift til plan- og bygningslova, §§ 3-8 og 4-2.
C. Når det gjeld bygg vist i planen er storleik og plassering berre retningsgivande.
§ 3 Byggeområde – fritidsbebyggelse
3.1 Fritidsbustader, FB1-FB5
A. Områda FB1 – FB5 kan nyttast til hytter og eventuelt tilhøyrande uthus.
B. Utforming og fargebruk må tilpassast andre hytter i området, og skal godkjennast av
kommunen.
C. Prosent bebygd areal vert sett til BYA = 30 %.
D. Hytter skal ha mønetak med takvinkel mellom 20 og 30 grader. Maks gesimshøgde
er sett til 3,5 m for områda FB1-FB3.
I områda FB4-FB5 kan det oppførast hytter med inntil 2 etasjer med mønehøgd
inntil 11,0 m og gesimshøgd inntil 7,5 m over planert terreng sitt
gjennomsnittsnivå.
E. Platting kan etablerast utanfor byggelinja, men innanfor formålsgrensa. Platting på
nye bygg kan plasserast inntil 1,0 m frå nabogrense.
F. Det er ikkje tillate med oppføring av gjerde rundt hyttene.
§ 4 Offentlege trafikkområde
4.1 Køyrevegar og anna vegareal
A. Områda skal nyttast til offentleg køyreveg og anna veggrunn. Innanfor områda er
det ikkje tillate med andre anlegg eller innretningar enn dei som er nødvendige for
anlegg, drift og vedlikehald av veganlegga.
§ 5 Spesialområde
5.1 Frisiktsone
A. I frisiktsonene skal det vere fri sikt i ei høgd på 0,5 meter over nivået til dei
tilstøytande vegane.
5.2 Friluftsområde i sjø, FRL2
A. I dette området må det ikkje iverksetjast tiltak som reduserer området sin kvalitet
som rekreasjons- og friluftsområde.
B. Tiltak som hindrer tilkomst til fjøra er ikkje tillatt.
5.3 Friluftsområde (på land), FRL1
A. I dette området er det eit mål å bevare eksisterande vegetasjon og terrengformer.
Skjemmande og bratte fjellskjeringar aust for FB4 og FB5 områda kan oppfyllast
med jordmasser og beplantast med tre og anna naturleg vegetasjon.
B. Eventuelle farlege fjellskjeringar må sikrast med gjerde eller på annan måte.
C. Oppsetting av stengsler som hindrer den almenne ferdsel er ikkje tillatt.
§ 6 Fellesområde
6.1 Felles vegareal, VEG 1, VEG 2, VEG 3, VEG 4, VEG 5 og FP-1.
A. På denne veggrunnen er det ikkje tillate med andre anlegg eller innretningar enn
dei som er nødvendige for drift og vedlikehald av veganlegga.
B. Felles vegar kan primært nyttast av eigarane av hytter i området.
6.2 Felles grøntareal, FG1 og FG2
A. I desse områda er det eit mål å opparbeide og vedlikehalde fellesområde for leik og
andre sosiale aktivitetar for både fastbuande og ferierande.
B. Oppsetting av stengsler som hindrer den almenne ferdsel er ikkje tillatt.
C. På området FG2 kan det leggast til rette for at turistar kan nytte området til
rasteplass.

(C) Bjørktun AS

Legg igjen en kommentar